For the tourists

Day 1,428, 13:52 Published in Norway Norway by Freke


No ser eg atter slike fagre fjødl og dalar. Jau, det er omframt gildt å vera norsk i Noreg, og no er eg attende og padlar i fjordane på Vestlandet.

Eg vonar at mi attkomst til gamlelandet vil gje høve til åtgaum og sæle millom mine høgt akta landsfrender.

For høveleg pinsamt og umstendeleg å koma til poenget, så stillar eg meg til val for tinget (det store) no i oktober, og ber om orsaking for at eg nyttar dette noko Google-translatorisk fiendtlege målføret til å kringkaste dette særs trivelege nyhendet.

Eg fer vel ikkje så mange røyster frå framandfolket med dette, men eg kunne jo berre ikkje dy meg, veit du. Hugs no berre at ei røyst åt meg er ei røyst åt folket.

Og ikkje ver uroa - heretter skal eg vera så anglosaksisk og internasjonal i målføret atte, det atte.