Farvel Lauarar - hallo, Lakkar!

Day 2,196, 11:18 Published in Norway Norway by Freke
Nokon som synst det gjekk litt vel glatt å ta att Austlandet og Vestlandet? Litt pussig at Lauarane plutseleg var blitt så veike at me med berre sånn monaleg ildkraft tok att desse to regionane? Ikkje så rart når det heile var ei avtale mellom l(it)auarland og (po)lakkland.

Dette er ei avtale mellom Lauarane og Lakkane om at sistnemnde skal inn og ta skandinaviske regionar for å sikre ressursar etter at dei har fått store problem med å halda på regionar rundt om elles i verda etter dei nye bonusane for frigjering av regionar som har vore okkuperte lenge.

Dessutan har ein i arbeidsmøte mellom polsk og litauisk president vorte samde kva gjeld fleire regionar på den skandinaviske halvøya. Litauen gjekk med på dette ved at vi tek tre svenske regionar (Skåne, Bohus, Gøtaland) og to norske regionar (Vestlandet, Austlandet). Det er verdt å merke seg at denne manøveren kjem til å gje opp til fire ekstra råstoff: Krøter, jarn, olje og aluminium. Polen og Litauen er stendig i kontakt og den ytterlegare avgjerda om framtida for desse områdene kjem til å bli truffe i sameining.

Slik står det å lesa i polske dokument som er publisera i hjå Svearane. Så, ja, vi får oss ein kongress neste periode, men kjem til å vera radert ut frå kartet før nokon greie å seie "Leeeeeei av å bli lurt, la-la-la-la". Ikkje heilt med på notene? Sjekk under Wars og følgj med på utviklinga.

Noko som sjølvsagt tyder at Lakke- og Britteavtala ikkje er verdt skjermen han er skrive på. Det skal bli gode tider framleis for dei som likar å slåss mot overmakta.

Tru kva du vil, den som trur dette, er
Freke